Nå er ekspedisjonen kome seg ut på Barentshavet, og har derfor ikkje telefondekning. Men me har ein satelittkommunikasjons-dings som gjer at me kan kommunisere, til dømes kan me som er på fastlandet sende værvarsel og dei på båten kan sende oppdateringar. Denne meldinga kom frå Pelagica kl 0830 i dag:
"Vi har fått sjukt nice ØNØ* vind og cruiser av gårde mot Bjørnøya i 5-6 knop etterfulgt av et par havhester** som følger oss på vår ferd :)"

På kartet her ser du kor Ekspedisjon Barents er akkurat nå. Du kan også følge med på kor båten er ved å gå inn her.
Fleire oppdateringar følger!
* Forkorting for aust-nordaust
** Ein havhest er ein fugl, ikkje ein hest. Den ser sånn ut
- Gaute